Bygg tett med vett

Då eg vaks opp, var det fire millionar menneske i Noreg. Borna mine blir vaksne i eit Noreg med seks millionar. Halvparten av oss bur allereie i byområda, og fleire kjem til å gjere det. Folkeveksten og urbaniseringa er den største forandringa av Noreg i vår tid.

Av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Berre sidan 2000 har bybefolkninga vakse med over ein halv million. Presset på areala aukar. Det stiller store krav til oss som politikarer, utbyggarar og planleggarar. 

Veksten gjev oss samstundes ein fantastisk mogelegheit til å utvikle Noreg. Bypolitikk må bli eit like naturleg tema som distriktspolitikk. 

Plassering av bustader, arbeidsplassar og service­tilbod påverkar både energibruk og transport. Dersom vi plasserer bustad­område langt frå kollektivknutepunkt, vert bilen det einaste alternativet. Det same skjer dersom vi legg kjøpesenter utanfor byane og utarmar sentrum. Difor er bustad- og arealpolitikk ein så viktig del av miljøpolitikken. 

Vi må bygge høgt, smart og sunt for å ta vare på dei kvalitetane vi sett slik pris på samstundes som vi får plass til fleire. Dersom vi bygger tett rundt kollektivknutepunkta, vert bustadene meir attraktive. Det er ikkje utan grunn at bustadannonsane reklamerer med at det er kort avstand til kollektivtrafikk. 

Samstundes kan vi spare grøntområde, leikeplassar, fotballbaner, matjord og marka frå utbygging. Bygger vi ned grøntareala og marka, vil det bli mindre attraktivt å bu i byane. Vi må tenkje kvalitet, ikkje berre kvantitet.

Det er ikkje alltid lett å fortette med vett. Ein rapport frå Husbanken om 27 prosjekt i Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand viste at berre tre var forbilledlege. Eg håpar alle utbyggarar vil lære av dei gode eksempla.

Gjennom eit brev til fylkesmennene har eg lagt vekt på at dei må bidra til at det vert bygd bustader på plassar som eignar seg til det. Fylkesmannen kan be kommunane utnytte mogelegheitene til å fortette rundt jern­banestasjonar, busshaldeplassar og andre kollektivknutepunkt. 

Eg er glad for at Rom Eiendom som del av NSB-konsernet bidreg til denne utviklinga, mellom anna med spennande nye bustadprosjekt i byane som utgjer InterCity-triangelet. Det er viktig at statlege selskap er framtidsretta. Det er Rom Eiendom både i praksis og i sin ambisiøse miljøstrategi.